Politikken

Valprogram 23-27

Valprogram 2023-2027, Bygland Arbeiderparti

Kommunevalprogram for Bygland Arbeiderparti

Ordførarkandidaten har ordet

Det er berre moglegheiter!

Eg har stor tru på samarbeid på tvers av fagmiljø, partipolitiske skilnader, mellom det offentlege og det private, med frivilligheita og mellom kommunane rundt oss. Det er gjennom samarbeid vi kan skape framtidstru og eit trygt og inkluderande samfunn.

Dette felleskapet skal vi som parti og eg som ordførar ta ansvar for å bygge.

Vekst og verdiskaping som samstundes tek vare på naturen og det å ta godt vare på dei som treng det aller mest er av mine hjartesaker.

Runar Granheim – ordførarkandidat, Bygland AP

Bygland Arbeiderparti

Valprogram 2023-2027

Bygland Arbeiderparti vil jobbe for at det skal vere trygt og godt å bu og leve i Bygland kommune.

Vårt overordna mål er å skape rom for fleire innbyggarar, og vekst i næringslivet. Det gode livet rundt fjorden og ein rik og tilgjengeleg natur er nokre av våre viktigaste fortrinn, og noko vi vil arbeide for å bevare, utvikle og gjere meir kjent og tilgjengeleg.

Det er grunnleggande for oss at alle skal ha lik tilgang til varierte fritidstilbod, eit trygt arbeidsliv og kommunale tenester. Vår viktigaste oppgåve er å sørge for at vi leverer stabile tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar, no og i framtida.

Vi skal sørge for moderne fasilitetar og gode vilkår, særleg innan helse, oppvekst og kultur.

Skal vi ruste kommunen vår for framtida, må vi tenke nytt. 

Bygland Arbeiderparti vil ha meir samarbeid i Setesdal, til det beste for Bygland. Vi skal sørge for at kommunen er på høgde med den digitale utviklinga.

Vi vil ha eit godt samarbeid mellom innbyggarar, administrasjon og politikarar, eldsjeler i frivilligheita og i kulturlivet, born og unge, mot utanforskap og for eit inkluderande samfunn.

Kultur, oppvekst og fritid

  • Vi skal vere ein open og inkluderande kommune for alle, uansett kulturell, økonomisk og geografisk bakgrunn.
  • Vi vil prioritere og inkludere ungdomsrådet og born og unge i politiske saker.
  • Vi vil investere i at skulane og bornehagane våre har gode og moderne fasilitetar, som aukar trivsel og læring.
  • Vi vil ha eit variert og inkluderande kulturliv, der alle har lik tilgang til ei rik fritid. Vi skal ha ein heilskapleg og langsiktig kulturplan som sikrar aktivitetar og innhald for alle aldersgrupper.
  • Vi vil sikre frivilligheita og BUA Bygland, gjennom ein aktiv frivilligheitspolitikk.
  • Eit gratis varmt måltid i veka for ungdomskulen.

Helse og omsorg

  • Vi skal sørge for at vi har trygge og stabile tenester innan pleie, omsorg og helse, med rett kompetanse og hjelp, gjennom meir samarbeid internt og med våre nabokommunar.
  • Sikre at Byglandsheimen og andre institusjonar innan pleie og omsorg er godt utrusta for framtida, til dømes med god digital infrastruktur og funksjonelle rom og utstyr.
  • Auke fokuset på kvinnehelse gjennom Lokalmedisinske tenester
  • Sørge for tilpassa dagtilbod for folk med demens i samarbeid med frivilligheit, næringsliv og med nabokommunar.
  • Sørge for tidleg innsats og tilpassa hjelp innan psykisk helse, gjennom samarbeid mellom sektorar og nabokommunar. Vi vil arbeide for at ABUP (Avdeling for barn og unges psykiske helse) blir meir tilgjengeleg i Setesdal.
  • Opprette eit pårøranderåd for folk som mottek tenester frå pleie og omsorg.

Levande bygder

  • Arbeide for betre transportmoglegheiter for eldre, og for born og unge.
  • Vi vil ha betre bussforbindelse med Kristiansand og Arendal enn vi har i dag.

Næring og reiseliv

  • For å få vekst i næringslivet og primærnæring, vil vi styrke miljøet kring næringsaktørane med eit tilgjengeleg verkemiddelapparat og tverrfaglege samarbeid. Det skal vere lett for gründerar og næringsliv å få rettleiing og hjelp til å etablere og utvikle næring.
  • Vi vil prioritere primærnæringa gjennom auka fokus på produksjon og sal av lokalmat, stimulere til å halde kulturlandskapa i hevd, og tidsriktig vekst i landbruket.
  • Ta i bruk lokale ressursar der vi kan, og ha mindre bruk av eksterne konsulentar.
  • Vi vil sette i stand fleire brygger for dampskipet Bjoren.
  • Arbeide for at Bygland blir enda meir attraktiv som destinasjon heile året.

Klima og miljø

  • Vi tek miljø og klima på alvor,- ta vare på våre naturområde, og arbeide for betra energieffektivisering for næringsliv og privatpersonar.
  • Stimulere til energieffektivisering og fleire typar fornybar energi.
  • Støtte lokal foredling av råvarer.

Kommunale tenester og arbeid

  • Gjere virkemiddelapparatet tilgjengeleg og effektivt.
  • Vi er for ein heiltidskultur i arbeidslivet, og vil legge til rette eit godt og trygt arbeidsliv.
  • Tilby og formidle lærlingplassar.
  • Styrke fagmiljøet og sikre kvalitet i tenestene gjennom samarbeid med nabokommunane.
  • Investere i brukarvenlege digitale løysingar for ulike kommunale tenester.

Les programmet som PDF her:

Valprogram Bygland Arbeiderparti 2023-2027.pdf 1,1 MB